Forskningsrapport om fjellredningsoppdrag i Jotunheimen
Nasjonalt Kompetansesenter Fjellredning arbeider, som ein del av forskingsprosjektet om klimarisiko i Jotunheimen, med å kartleggje og analysere fjellredningsoppdrag i Jotunheimen i perioden 2005 til 2020. Den første rapporten i dette arbeidet er no ferdig.
Rapporten undersøker fjellredningsoppdrag i Jotunheimen frå 2005 til 2020, med mål om å vurdere korleis eit klimaendra landskap kan påverke framtidas redningsbehov i fjellområda.
Nøkkelfunn inkluderer ein betydeleg auke i fjellredningsoppdrag og personskadeulykker gjennom studieperioden.
Helseoppdrag har vorte vanlegare, spesielt i populære turområde som Besseggen og Galdhøpiggen. Norske turistar, ofte på fottur, utgjer majoriteten av dei som treng hjelp, og redningsoppdrag skjer oftare i meir komplekst terreng.
Les meir og last ned rapporten her.