Erfaringsseminar snøskredulykker 2023
Det vert invitert til erfaringsseminar for snøskredulukker med fokus på erfaringar frå sesongen 2022/23. Seminaret vert halde i Bodø hjå Hovudredningssentralen 4. – 5. oktober 2023. Påmelding via lenka nedst på denne sida og innan 20. september.
Seminaret startar klokka 12.00 onsdag 4. oktober og vert avslutta klokka 13.00 torsdag 5. oktober. Seminaret er gratis, men deltakarar må sjølve eller via eigen organisasjon ordne og betale reise og overnatting.
Kven
Målgruppa er leiande fagpersonar og avgjerdstakarar hjå dei ulike redningsaktørane og relevante myndigheitsorgan. Dette er ein viktig høve til å vere med og bidra til betring av vår felles redningsinnsats. Det er ynskjeleg med god representasjon frå alle delar av redningstenesta, og særleg dei miljøa som arbeider med utvikling og opplæring knytta til snøskredulukker.
Det er eit avgrensa tal ledige plassar.
Kva
Me ønskjer å oppsummera erfaringar frå snøskredulukker og skape ein plattform for aktivt arbeid med forbetringprosessar. Seminaret vil gje ein god høve til å lære av kvarandre, dele beste praksis og diskutere dei viktige spørsmåla kring dette arbeidet. Me ynskjer å samle dei mest erfarne og engasjerte aktørane for å sikre systematisk utvikling av redningstenesta.
Eventuelle innspel til programmet for årets seminar kan sendast til erlend@norskfjellsenter.no.
Påmelding
Registrer din påmelding på denne lenken: https://www.deltager.no/register/Erfaringsseminarsnoskred2223_1692174877#/
Om seminaret
Seminaret vert arrangert av Hovudredningssentralen i eit samarbeid med Nasjonalt Kompetansesenter Fjellredning. Spørsmål eller innspel kan rettast til dagleg leiar for Nasjonalt Kompetansesenter Fjellredning, Erlend Aarsæther, på e-post: erlend@norskfjellsenter.no