Erfaringsseminar snøskredulykker 2021/22
Hausten 2022 arrangerte Nasjonalt Kompetansesenter Fjellredning og Hovedredningssentralen eit erfaringsseminar for snøskredaksjonar som fann stad i vintersesongen 2021-2022. Under samlinga var det innslag frå operative aktørar på alle nivå i skredredningstenesta, i tillegg til presentasjon av relevante forskingsresultat.
Det som i dag er Nordisk konferanse om snøskred
og friluftsliv vart fyrste gong arrangert ved Norsk fjellmuseum i Lom i 1994. Initiativet
til nasjonale retningslinjer for redningsteneste ved snøskredulykker starta med
eit såkalla fyrsteinnsatsseminar i Lom i 2007. Det passa derfor godt å
arrangere det fyrste erfaringsseminaret for redningsteneste ved snøskredulykker
ved Norsk fjellsenter i Lom.
Samandrag
Tor Andre Skjelbakken, Troms Røde Kors skredgruppe, innleia seminaret med å trekke fram erfaringar frå deltaking i skredredningsteneste gjennom fire tiår og knytte det til verdien av at redningssamvirket tilpassar sine planar for skredaksjonar til lokale forhold og ressursar.
Albert Lunde, Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning, orienterte om eigne studiar av norsk skredredningsteneste og korleis funna kan verke inn på redningstenesta sitt oppdrag ved snøskredulykker. Kjetil Hagen frå Hovudredningssentralen i Sør-Norge kommenterte tala frå eit redningsleiarperspektiv og relaterte det til eigne erfaringar med å koordinere redningsinnsats.
Frode Hansen, Lyngen Røde Kors Hjelpekorps, saman med Knut Slartmann og Stig Rasmussen frå Troms politidistrikt, presenterte ei på mange måtar dramatisk historie om redningstenesta sine utfordringar, opplevingar og erfaringar med snøskredulykker i Lyngen, Troms.
Vegard Olsen, fagleiar skred i Norsk Folkehjelp Sanitet, valde å fokusere på verdien av systematikk i skredredningstenesta , sidan arbeidet med snøskredulykker er som ei øving i å handtere tilfeldigheiter.
Tormod Eldholm frå Røde Kors Hjelpekorps og Leo Södergren frå politiet i Møre og Romsdal orienterte om korleis skredberedskapen i regionen vart sett på prøve i ein periode med mange og komplekse skredhendingar i april 2022.
Kjetil Hagen frå HRS Sør-Norge og Roy Nagel frå LRS ved Troms PD tok opp utfordringar ved meldingsmottak, SAR-varsling, ressursval, utalarmering, koordinering og avslutning av skredaksjonar.
Christen Tellefsen frå Norsk luftambulanse gjorde greie for kunnskapsgrunnlaget og faglege resonnement som ligg til grunn for deira reaksjonsmønster ved snøskredulykker.
Norse asset solutions i samarbeid med Innlandet droneberedskap demonstrerte bruk av drone som plattform for søk etter sender-mottakar, og demonstrasjonen vart overført direkte til forsamlinga i plenumssalen ved Norsk fjellsenter.
Utfordringar og anbefalingar
Med bakgrunn i presentasjonar og diskusjon er det naturleg å peike på desse fokusområda for vidare utvikling av redningstenesta sitt arbeid ved snøskredulykker:
Å yte tilstrekkeleg og avansert akuttmedisinsk behandling så raskt som mogleg.
Dette var eitt hovudtema under seminaret. For å tilpasse redningstenesta sitt responsmønster til ei slik forståing av prioriterte oppgåver ved snøskredulykker, så er det behov for å fyrst einast om kva for føresetnadar som skal vere styrande for skredredningssystemet, og så revidere retningslinjer og anna styrande dokumentasjon.
Ein anbefaler tydeleg at denne dreiinga av fokus frå søkeaksjon til
pasientbehandling vert reflektert i opplæring og øvingar, og at ein ser på korleis
ein kan auke redningstenesta sin evne til å tilby rask og avansert medisinsk
behandling på alle nivå i redningskjeda. Her bør ein òg sjå på moglegheita for
å delegere relevante metodar for fyrstehjelp, særleg smertelindring, til kvalifisert friviljug redningsmannskap.
"Har redningsinnsats ved snøskredulykker gått fra å lete etter personer under snøen til å behandle og evakuere hardt skadde pasienter?"
Frå seminaret er det skrevet ein rapport som omtaler dei ulike foredraga, og som oppsummerer med diskusjon og anbefalinger for korleis resultat frå seminaret kan brukast vidare. Rapporten kan lastast ned her.