Velkommen til Nasjonalt Kompetansesenter Fjellredning

Om oss

Me er ein leiande aktør innan forsking, utvikling og formidling av kunnskap knytt til fjellredningsoppdrag. Målet vårt er å bidra med kunnskap som gjer dei operative aktørane i stand til å redde liv på ein meir effektiv måte. 

Me forskar på fleire område som er avgjerande for å betre fjellredningstenesta. Blant anna fokuserer me på snøskredulukker, teknologi og klimaendringar. Dette tyder at me stadig utforskar nye løysingar og metodar for å forbetre redningsoperasjonar i krevjande og utfordrande terreng. 

Me trur på samarbeid og jobbar tett saman med operative aktørar for å utvikle kunnskap og verktøy som kan bidra til å redde liv. Ved å dele vår kunnskap og erfaring med andre, håpar me å styrkje fjellredningstenesta og auke sjansane for at fleire menneske overlever alvorlege situasjonar i fjellet. 

Me vonar du finn nettsida vår informativ og engasjerande. Ta ein kikk på arbeidet og prosjekta våre, og ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å lære meir eller samarbeide med oss. Saman kan me bidra til å gjere fjella til ein tryggare stad for alle som ferdast der.


Hva jobber vi med?

Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning skal:

  • Bidra til at færre menneske døyr eller vert alvorleg skadde som følgje av ulykkeshendingar i fjellet.

  • Bidra med forsking, utvikling og formidling av kunnskap knytt til fjellredningsteneste.

  • Levere oppdatert og kvalitetssikra kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle norsk beredskap knytt til fjellredning.

  • Gjere tilgjengeleg aktuell forsking for aktørane i norsk fjellredningsteneste.

  • Stimulere til og bidra i gjennomføringa av ulike forsknings- og utviklingsaktivitetar som gjer nytte for føremålet. 

Vi skal:

  • Samle ulike forskingsmiljø og stimulere til nye prosjekt som er relevante for fjellredningsaktivitetar. 

  • Etablere eigna fasilitetar for forsking, utvikling og formidling i samband med vårt arbeid. 

  • Styrkje eit tverrfagleg kompetansemiljø innan vårt fagfelt. 

  • Gjennomføre eigne forskingsaktivitetar, samt delta i og leie andre relevante forskingsaktivitetar. 

  • Stimulere til og bidra i nye doktorgradsstudium, mastergradsstudium og andre forskingsstudium. 

  • Arrangere møteplassar for ulike fagmiljø.